Sarah Kane: MÅ

EVENT INFORMATION
Default file 1509969726

"Høyr her. Eg er her for å hugse. Eg må… hugse. Eg ber på ei sorg og eg veit ikkje kvifor."

Kva vil det seie å vere menneske i ei verd der ein er utsett for ekstremt tap, lengsel og påkjenningar? I dette rå, ærlege og stemningsfulle tekstuniverset veves minne, draum og ulike røyndommar inn i kvarandre av ni ulike stemmer på scena.

Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo syner MÅ av Sarah Kane.

Kane er kjend for å tematisere dei tunge sidene av menneskesinnet. Kampen mot det mørke i oss står også sentralt i einaktaren MÅ, som har blitt verdskjent for sin leik med innhald og form.

Regi: Hedda Rui

PREMIERE: Fredag 8. desember 19:00
Framsyningar:
Laurdag 9. desember 18:00
Sundag 10. desember 18:00
Måndag 11. desember 19:00

Waiver

Kjøpte billettar kan ikkje refunderast.